Sigurd Snegledreper

Fra Arduipedia

Gå til: navigasjon, søk

Eit autonomt køyretøy som patruljerer hagen og dreper sneglar. Dette blir nok ikkje enkelt, har mange idéar men ingen gjennomførbare så langt.

  • Eit beltedrive køyretøy er nok det beste. Dette har best framkommelegheit, og er lettaste å styre ettersom det kan svinge på staden.
  • Kan patruljere hagen etter eit fast mønster, eller ved eit tilfeldig mønster. Må ha referansepunkt slik at køyretøyet til einkvar til kan vite kvar det er. T.d. tre reflektorar som er synlege frå heile hagen, og ein roterande laser på køyretøyet.
    • Er kanskje endå enklare med store hjul (t.d. frå ein R/C monstertruck) med separat drift på høgre og venstre side. Vil vere like enkelt å styre som beltedrive, men enklare å lage. Dessutan blir det billegare, og bilen kan køyre mykje raskare. Kan løysast med to billege ESC med revers (DX eller eBay).
  • Sneglar kan drepast med "tazer", ved å dynke dei med salt eller kalk, eller spidde dei, frese dei...
  • Kan evt. lage sneglefeller rundt om i hagen, så kan Snegledreperen køyre mellom desse, mose innhaldet i fellene til slush med ein stavmixer, suge fellene tomme for slush, fylle på med øl, køyre "heim" for dumping av slush og lading av batteri.
    • Bilen må då ha ein stavmixer som kan hevast og senkast.
    • Må posisjonere seg riktig i forhold til ølfella slik at mixeren treff der den skal.
    • Må ha to tankar - ein til slush og ein til øl.
    • Må også fylle opp øl-tanken i tillegg til batteriet. Med tanke på det foreståande øl-polet her i byen håpar eg sneglar likar alkoholfritt...
    • Korleis lokalisere ølfellene?
Personlige verktøy
Navigasjon