Stereoforsterker

Fra Arduipedia

Gå til: navigasjon, søk

I juni 2009 kjøpte eg eit billig LM3886-basert forsterkerkit frå eBay.

  • Stereo, to stk LM3886. 2x68W i 28V.
  • Integrert likeretter m. 2x10F/50V kondensatorar.
  • NE5522 preamp på kvar kanal.

Har sjekka skroten til Elkjøp for passande deleforsterkar med jamne mellomrom, no dukka nettopp denne opp:

Fil:Donor.JPG

Dette er liket av ein Arcam D290. Den har ein ringkjernetrafo på 33-0-33V, aner ikkje kor mange A. Den har også eit utal forgylte inngangsterminalar, fleire kvalitetsréle, forgylte høgtalerterminalar med réle, motorisert Alps potmeter, motorisert inngangsvelger, ei svær kjøleribbe og masse anna snacks.

For å teste om dette fungerer saman, sagde eg ut straum/høgtalerterminalane frå printet og skrudde fast på ein planke saman med forsterkerkitet og trafoen. Monterte kjøleribba på forsterkerkitet. Kobla til ein mp3-spelar og eit par høgtalarar.

Fil:Mockup.JPG

Dei gule, avklipte ledningane på trafoen trur eg forresten er 5V AC.

Forsterkeren virka, og lyden var så bra som høgtalarane tillot. Eg har funne to problem som eg må finne ut av før eg kan fortsette med prosjektet:

  • Brum i venstre kanal. Antageleg eit jordingsproblem. Må finne ut korleis signaljord er kobla til apparatjord, eller om det i det heile tatt er forbindelse her. Kan også ha med ein uskjerma signalkabel som vart litt kort slik at eg måtte strekke den rett over AC-inntaket... Layouten av forsterkeren gjer det i det heile tatt litt vanskeleg å rute signal- og høgtalerkablar fornuftig.
  • Lite gain. Sjølv med full pupp på mp3-spelaren fekk eg ingen forvrenging.

Når eg har funne ut av desse to problema kan eg gå vidare med kabinett. Ser for meg eit "internt" kabinett i alu eller stål/blikk (med tanke på skjerming og avleding av varme) som så kan plasserast i det komplette kabinettet saman med volumkontroll, inngangsvelger, Arduino, display, iPod-dock...

Innhold

Test nr 2

Flytta litt rundt på komponentane for å prøve å bli kvitt brum. Jorda samtidig trafoen, forsterkeren og skjerminga på signalkablane til samme punkt. Kobla til høgtalerterminalane. Framleis brus. Forholdsvis svak 50Hz, men akkurat høg nok til å irritere når forsterkeren er påslått og det ikkje vert spelt musikk.

Fil:Mockup v2.JPG

Dukka også opp eit nytt problem. Både likerettarane og forsterkerchipane blir veldig varme, sjølv utan belastning. Er redd for at trafoen leverer for høg spenning til denne forsterkeren :( Edit: Dette har antageleg samanheng med at eg testa med 4 ohm høgtalarar denne gongen. Med 8 ohm burde spenninga vere OK.

  • Sjekk også gain - mulig at denne er for høg med 33V og at dette er ein årsak til brum.
  • Prøve med kondensator på inngangane.

Det er forresten 7V AC på dei gule kablane frå trafoen. Ei likeretterbru og ein 7805 er dermed nok til å drive ein Arduino og volum/inngangsvelgermotorane.

Test nr 3

Prøvde forsterkeren på Dali-høgtalarane mine (6 ohm). Ikkje på langt nær samme varmgang som med 4 ohm. Målte DC-spenninga, den ligg på 45V som er "litt" over det anbefalte. Veit enno ikkje om dette er eit problem.

Satte ein 47pF kondensator i parallell med kvar inngang, dette fjerna støy når det ikkje er noko tilkobla inngangen. Hadde ingen effekt på brum.

Trur rett og slett forsterkeren er feil designa. Alskens jordings- og skjermingstriks har null effekt. Printet er langt frå det som er anbefalt av National. Mulig at forsterkeren ikkje er brukande i det heile tatt slik den er no.

Trur neste steg må vere å Google litt meir og finne eit print som eg veit fungerer, og så ta komponentane frå denne forsterkeren. Lage separat straumforsyning og muligens eit print pr kanal.

Test nr 4

Har forska litt meir på straumforsyning. Denne forsterkeren brukar ikkje det oppsettet som er brukt i dei fleste Gainclones (separate likeretterbruer for både negativ og positiv rail), men ei likeretterbru og to spenningsregulatorar etter kondensatorane. Det er desse spenningsregulatorane som deler den likeretta spenninga i ein negativ og ein positiv rail. Akkurat no virkar det som at det er desse regulatorane som jobbar hardast med 33-0-33V trafoen min.

Studerte referansekretsen til National ein gong til, og samanlikna inputsteget med det på denne forsterkeren. Dei avviker såpass mykje at eg ikkje forstår forsterkeren. Så eg kobla bort heile "preamp"-steget (opampen på inngangane) og kobla meg rett på input på forsterkeren. Og dermed var brummen borte...

Neste steg: Gjere noko med straumforsyninga slik at den får eit lettare liv med trafoen min. Dessverre er det ikkje plass til kjøleribber på spenningsregulatorane då komponentane står så tett, men eg kan sikkert lodde dei av og heve dei litt.

Ressursar

Personlige verktøy
Navigasjon